Til toppen

To strenge herrer

To Strenge Herrer – ein kveld med eigen musikk og sterke tonar
«To Strenge Herrer», betre kjende som Lars Øverås og Ketil Strand, har spela saman i nær eit halvt hundreår i ei rekkje ulike musikalske samanhengar. Mange vil kjenna dei frå bandet *Brothers In Arms – A Tribute to Dire Straits*.
Begge artistane har òg markert seg med eigne soloprosjekt og sjølvskriven musikk – Lars med stemningsfulle viser, og Ketil med uttrykksfull instrumentalmusikk. Dei har halde fleire solokonsertar rundt om i distriktet, og står bak til saman seks album.
Sjølv om dei har delt scene utallige gonger gjennom åra, er dette nye prosjektet – berre dei to saman – ei fersk satsing. «To Strenge Herrer» hadde sin debutkonsert på Fabrikken Kulturscene fredag 13. mars i år, ein kveld som langt frå vart noko uhell, men tvert imot gav meirsmak både for artistane og publikum.
På denne konserten får du oppleva kvar sin avdeling med eigne låtar – både kjende og nye – inkludert ei heilt nyskriven vise laga i fellesskap.
Velkomen til ein nær og ekte konsert med to erfarne musikarar som verkeleg kan handverket sitt.
  • Dører åpner: 19.30
  • Pris:

    200,-

Dato

09.05.2026
Utløpt!

Tid

20.00 - 21.30

Sted

NittenNULLni
Valderhaug 37, 6050 Valderøya
Nettsted
https://www.facebook.com/profile.php?id=100041345152668&source=bypatrioten&medium=kalender
Kategori

Arrangør

NittenNULLni
E-post
Nittennullni@outlook.com
QR-kode