Prelude med Stemt
Vi nærmar oss den lysaste tida på året. Tida då sola varmar og det spirer og gror. Kjærleiken får blomstre fram, steget blir litt lettare og turane ut i det grøne litt lengre. Dette har vi lengta etter gjennom ein lang og uroleg vinter. No gler vi oss til å ønskje velkomen sommaren; dei vakre fargane i naturen og dei lange, lyse nettene fylde av håp og draumar. Repertoaret for konserten består av folketonar, spirituals, viser, poplåter og eit utval klassiske komposisjonar som gjenspeglar eit slikt vårleg håp. Konserten er eit forspel til det som skal kome.
Velkommen til «Prelude»!
- Billett: https://tikkio.com/events/55772?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
-
Pris:
Ordinær: 270,-
Student/korist: 218,-
Under 12: gratis