Foredrag: Arven frå Molaupsulykka
Sunnmøre Museumslag inviterer til søndagsforedrag ved forfattar Eli Anne Tvergrov som presenterer prosjektet og boka “Arven frå Molaupsulykka”.
Tvergrov fortel om den dramatiske skredulykka i Hjørundfjorden i november 1971. Ho tek opp etterverknadene for familiar og bygder som blir ramma av skred.
Vidare gir ho plass til den frivillige redningsinnsatsen og samfunnsberedskap som viktige tema.
Boka omhandlar snøskredet som gjekk i Hjørundfjorden 24. november 1971, der sju mann miste livet. Dette er ei av dei verste ulykkene som nokon gong har råka området i nyare tid. Eli Anne var av dei som miste onkel og morfar i ulykka.
Denne søndagen får du høyre om heile det store apparatet kjem i sving om eit skred går – også i dag.
Historia er over femti år gammal, men er til stor hjelp for å forstå dersom noko liknande hadde skjedd i dag. Du får innblikk i snøskredhistorie som få har kjent til.
Eli Anne er ein svært dyktig foredragshaldar, som er vel verdt å høyre på.
Inngang: 100 kr. Gratis for medlemmer i Sunnmøre Museumslag
-
Pris:
Inngang: 100 kr. Gratis for medlemmer i Sunnmøre Museumslag