Danse mot vår: Konsertprosjekt Orgel/Dans/Kor/Solistar
“Danse mot vår” (Orgel/Dans/Kor/Solistar) er eit samansatt konsertprosjekt med ei rekkje utøvarar som i lag sørger for ei altoppslukande oppleving i kyrkjerommet. Profesjonelle krefter innan dans, sang og fleire instrument bidrar saman med vårt flotte kyrkjekor til eit musikalsk og visuelt konsept som truleg aldri før har vore prøvd ut i kyrkjerommet i Spjelkavik før.
Her har kyrkjelyden noko særs spennande å sjå fram mot!
Blant utøvarane denne kvelden finn me Tonje Aas Molnes (dans), Randi Røssaak (sopran), Marc Labruijere (orgel), Ola Eide (direksjon), ungdomssolistar i lag med kyrkjekoret og Magnus Kløften (orgel og flygel).
Me kan óg røpa at konserten vil inkludere ei verdspremiére av eit verk skrive av ein norsk komponist!
Billettar ved inngangen. Ungdom under 18 år har fri adgang.
Hjarteleg velkomen!