Til toppen

Arnold Eidslott 100 år – jubileumskonsert i Spjelkavik kyrkje

Søndag 7. juni inviterer Spjelkavik sokn til markering av at det i år er 100 år sidan lyrikaren Arnold Eidslott vart fødd.
Kl. 18.30 blir det kransepålegging ved bysta av Arnold Eidslott utanfor Spjelkavik kyrkje.
Kl. 19.00 held markeringa fram inne i kyrkja med jubileumskonsert med diktlesing, litteraturformidling, korsong og orgelmusikk med utgangspunkt i tekstane og tankeverda til Eidslott.
Medverkande:
• Jan Inge Sørbø – introduksjon til forfattarskapen
• Viggo Solum – diktlesing
• Volda Vokal
• Ålesund Kammerkor
• Bert Handrick – orgel
På programmet står mellom anna Magnar Åm sitt «Eit under og ei tåre» og Johan Kvandal sitt «Underet», begge skrivne med tekstar av Eidslott. Publikum får også høyre diktet tileigna Johann Sebastian Bach sitt «Passacaglia og fuge i c-moll», før verket blir framført på orgel.
Kvelden blir avslutta med fellessong frå Kjell Habbestad sitt verk «Mysteriet».
Vel møtt til ei vakker og høgtideleg stund i ord og tonar.
  • Dører åpner: 1830
  • Pris:

    Kr. 300.- Barn og ungdom gratis.

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

07.06.2026

Tid

18.30

Sted

Spjelkavik kirke
Vestmoa 20, 6018 Ålesund
Nettsted
https://www.spjelkavik.kyrkjelyd.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Spjelkavik kyrkjelyd
Telefon
70165300
E-post
spjelkavik@kyrkja.alesund.no
Nettsted
Spjelkavik Kyrkjelyd
Facebookarrangement
QR-kode