Til toppen

Politikere må invitere russen inn til dialog

Alle snakkar om russen, men få snakkar med russen. Ei meir inkluderande russetid kan ikkje skapast over hovudet på dei det gjeld. Politikarane må invitere dei unge inn som aktive medspelarar i utforminga av løysingane, skriv Synne Strøm Astad som er elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal i denne kronikken.

Av:  Synne Strøm Astad, elev- og lærlingombod i Møre og Romsdal (Foto: Tingh)

Russetida har gått frå å vere ei felles feiring for heile kullet, til å bli prega av kommersialisering og sterkt sosialt og økonomisk press. Store aktørar kontaktar ungdom tidleg for å selge russepakkar og bygge identitet rundt russegrupper. Russeklær har blitt statusplagg – ein markør for kven som er inne og kven som står utanfor.

Ein debatt utan retning: Kva diskuterte dei eigentleg? 
Debatten om russen i Møre og Romsdal har dei siste vekene skapt stort engasjement. MDG foreslo å forby russeklede med gruppenamn og logoar, men forslaget vart stemt ned. Motargumenta handla om ytringsfridom, praktisk handheving og at det ikkje er politikarane sin jobb å detaljregulere.

Men kva var det eigentleg politikarane sa nei til? Opplevinga mi er at debatten gjekk forbi kvarandre. Det har vore uklart om diskusjonen handlar om krenkande og støytande uttrykk, eller om gruppebaserte klede som hemmar fellesskapet og forsterkar utanforskap.

Kva med dei unge?

Kva ønsker dei? Har dei vore med i debatten? Svaret er nei. Diskusjonane har i stor grad gått føre mellom vaksne – utan å lytte til kva ungdommane sjølve meiner.
Det vi veit, er at mange skolar allereie gjer gode ting: gratis skolegenserar for eksempel. Effekten av gode tiltak for fellesskapet kan bli svekka dersom russegruppene samstundes har eigne genserar som blir «statusplagg», identitetsmarkør og brukt mest. Slike initiativ treng støtte frå skoleeigar og politikarar for å ha reell effekt – utan det blir dei ståande som symbol, ikkje som endring.

Alle skal med – heilt til russetida? 

Vi brukar barnehage og grunnskole på å lære barna våre å inkludere – alle skal med. Fellesskapet blir dyrka som ein grunnleggande verdi vi tek med oss vidare i livet. Men når vi står framfor russetida, ser vi tendensar til at denne verdien forvitrar.
Norge er faktisk unikt: Vi er det einaste landet i verda som feirar avslutta skolegang i små grupper, i staden for som eitt samla kull.

Det har ikkje alltid vore slik 
· 1905–1970-talet: Russetida starta som ei feiring av kullet med russelue, tog og fellesarrangement.
· 2000-talet: Buss og bil blir normen. Planlegging startar tidleg. Tilhøyrsle blir knytt til russegrupper, ikkje russekullet.
· Dei siste ti åra: Russegrupper etablerer seg tidleg – drevet fram av kommersielle aktørar. Denne kommersialiseringa bygger på identitetsbygging gjennom russegrupper, og forsterkar både press og ekskludering.

Tiltak som styrker fellesskapet i russetida

For å møte utfordringane med dagens russetid har regjeringa utarbeidd ein nasjonal handlingsplan for ei ny feiring. Planen gir retning for korleis vi alle kan vere med å skape ei meir inkluderande russetid og redusere utanforskap. Den slår fast at politikarane kan vurdere forbod mot ekskluderande praksisar og uttrykk som bidreg negativt til skolemiljøet.

Som ombod tilrår eg: 

·Undersøk kva elevane sjølv ønsker: Gjennomfør ei brei undersøking slik at ikkje berre russestyre eller sterke stemmer får påverke.
·Regulering av kommersielle aktørar: Vurdere grenser for tidleg marknadsføring mot ungdom, slik at presset ikkje startar i 10. klasse.
·Felles profilering av kullet: Støtt alle initiativ frå elevane som fremmar fellesskap med kullet.
·Obligatorisk at russetid blir tema på ungdomsskolen: Gi ungdom og foreldre kunnskap og verktøy til å stå imot press og bidra til inkluderande fellesskap.

Ei meir inkluderande russetid må skapast saman med ungdommane. Det kan vi gjere gjennom dialogmøter med russ og skolar, ungdomsråd og anonyme digitale innspelsrunder. Lytt godt. Dei stille stemmene har mykje å seie.

Bypatriotens Kulturkalender

Se alt som skjer i Ålesund

Alltid mye å glede seg til!