
Målblomen 2026 til forfattar Sunniva Relling Berg
Borgund Mållag heidrar forfattar Sunniva Relling Berg med Målblomen 2026. Prisen får ho for «sitt nynorske forfattarskap og språklege medvit».
– Gjennom bøkene sine viser Sunniva Relling Berg at nynorsk er eit språk for kvardagsliv, identitet, konfliktar, draumar og alt det unge menneske står i. Ho bidreg til å bryte ned haldningar mange ungdommar framleis møter, og gjer nynorsk til eit språk som opplevast relevant, nært og moderne, sa nestleiar Magritt Jarlsdotter Grimstad. Sunniva Relling Berg var nettopp ferdig med foredraget «Mitt nynorske ungdomsopprør» på Ålesund bibliotek tysdag 24. februar då ho blei overraska med Målblomen 2026. Prisen er ein blomsterbukett og eit diplom, og går til personar som har gjort ein framifrå innsats for nynorsk.
I foredraget fortalde forfattaren på ein levande og humoristisk måte kvifor ho sjølv valde å skifte frå bokmål til nynorsk. Ho hadde lært eit litt gammaldags bokmål, men då ho skulle skrive bok gjekk ho over til nynorsk. Dette opplevde ho som eit meir munnleg og moderne språk, som også låg nærare ålesundsdialekta.
Sunniva Relling Berg debuterte med ungdomsromanen «Utfor» på Samlaget i 2011. Sidan har ho gitt ut seks andre bøker – i tillegg til å ha medverka til fleire andre. Ho har også fått fleire prisar. I tillegg driv ho skrivekurs, formidling gjennom Den kulturelle skulesekken og podkasten Skrivesnakk, der ho deler skriveglede og språkmedvit med både unge og vaksne.
– For dette arbeidet – for litteraturen, for formidlinga, for haldningsendringa og for motet til å velje nynorsk som sitt eige språk – er Sunniva Relling Berg ein særs verdig mottakar av Målblomen 2026, sa Grimstad.