Til toppen

Kven skal bere arven, når elevar i Ålesund ikkje får tilgang til musea?

I dag slepp ikkje elevar i Ålesund inn på musea. Slik som det er no er det berre turistar og resurssterke foreldre med barn som besøker musea. Kven skal bere arven etter Harald Grytten om dei ikkje får tilgang til kunnskap, spør ungdomsskulelærar og innflyttar til Ålesund Magritt Jarlsdotter Grimstad, som i tillegg til en engasjert debatt, håper på å få Ålesund kommune på bana. Les heile innlegget her:

I minneordet til Harald Grytten, skrive av tidlegare direktør for stiftinga Sunnmøre museum Ivar Gunnar Braaten, kan vi lese at då Grytten slutta som historielærar ved Latinskolen og byrja som bestyrer ved Aalesunds museum, så var det formidling som skulle prioriterast.

«For viktigare enn å imponere turistar, var det at museet skulle vere til nytte for byen og folka som bur her, slik han formulerte det i si første årsmelding».

I dag slepp ikkje elevar i Ålesund inn på musea.

Ja, du høyrte rett. Det er ikkje lovpålagt å gå på museum i skuletida. Dermed set ikkje Ålesund kommune av midlar slik at lærarar kan ta med seg elevar til museum.

Slik som det er no er det berre turistar og resurssterke foreldre med barn som besøker musea. Dersom du går inn på nettsidene til dei ulike musea vil du sjå at det står gratis for barn under 18 år. Dette gjeld for barn som besøker musea utanom skuletid.

Eg arbeider som ungdomsskulelærar, eg kjenner mange ungdommar og ingen av dei eg kjenner heng på musea i fritida.

Dersom eg som lærar tek kontakt med eit av musea, må eg betale 30kr pr. elev. Dette har vi diverre ikkje.

Riktig nok finns der ei ordning der eg som lærar kan skrive ein søknad via “Den kulturelle skulesekken”, om å få oppleve ei av dei ferdige opplegga som musea har laga til. Men dersom eg får innvilga dette, vil vi gå glipp av  eit forfattarbesøk, ein konsert eller ei teaterframsyning det skuleåret.

Kven skal bere arven etter Grytten?

Eg er innflyttar til Ålesund. Då eg flytta hit for nesten 30 år sidan, visste eg litt om Ålesund, men ikkje mykje. Sidan eg er over middels interessert og gifta meg med ein ålesundar, har eg lært mykje.

Museumsbesøk, byvandringar og historier over middagsbordet til svigerforeldra mine har gjort meg til ein ekte Ålesundspatriot. For finare by finnest ikkje. Derfor kjem turistar frå heile verda for å vitje oss. Korleis skal dei som veks opp no lære om byen, vere stolte og bygge identitet som ålesundar, dersom vi ikkje har ein tydeleg plan for korleis formidlinga skal føregå?

Ved min skule er over halvparten av dei tilsette innflyttarar til Ålesund. Då eg spurde i ei tilfeldig klasse kor mange som hadde foreldre i frå Ålesund, så var det under halvparten. Fleirtalet av lærarar og føresette er altså ikkje i frå Ålesund. Den munnlege «drøsen» om gamle dagar i Ålesund vert ikkje formidla rundt middagsbordet i dei fleste heimar.

Elevane er godt kjende på Moa, men veit ikkje kva Brosundet, Arbeidern eller Molja er. Ja, du høyrde rett.

Magritt Jarlsdotter Grimstad på en av mange byturer med sine elever. Dette gjøres på eget initiativ. Nå vil hun ha Ålesund kommune på banen for å åpne museene for gratis skolebesøk. Arkivfoto: Trine Klemetsen/Bypatrioten.

Dei veit sjølvsagt at det går eit sund i gjennom byen og at der står eit raudt fyr i sentrum, som dei kan sjå når dei kjøper softis på Stuen (for Stuen veit dei heldigvis kvar er). Men dei veit ikkje at det heiter Brosundet, Hellebroa eller Molja. Kva Arbeidern er, veit dei berre dersom dei går på dans eller teater i fritida.

Når eg startar opp med ei ny 8.klasse vert eg alltid like overraska over kor lite 13 åringen kan om byen. I mange år har eg laga rebusar og sendt dei av garde, både i byen og i Borgundgavla.

I år bestemte eg meg for at vi MÅ gå kraftigare til verks og tok opp arven for 90-talet om tverrfagleg prosjekt om byen vår. Heldigvis fekk eg tak i ideologiske pensjonistar som stilte opp og formidla gratis til ungdommane våre.

Då er det mildt sagt frustrerande at det sit svært kompetente museumspedagogar som elevane våre ikkje får oppleve. I Borgundgavla får vi sjå på husa utvendig,  og lese sjølv på plansjane som står utanfor dei gamle husa. Inn får vi ikkje kome.
I utstillinga «Eg var her» som er tilrettelagt for 8.-10. klassingar som tek utgangspunkt i samfunnet, landskapet og menneska som har vore før oss, får vi ikkje tilgang til. Heldigvis får vi høve til å gå inn på toalettet i kafeen, dersom vi nyttar arealet ute.

I læreplanen for Kunst og handverk står det:

– Mål for opplæringen er at eleven skal kunne analysere hvordan identitet og stedstilhørighet kommuniseres i arkitektur, klestradisjoner, kunst eller gjenstander, og integrere kulturelle referanser i eget skapende arbeid.

Tenk kor heldige elevane i Ålesund kunne vore, som veks opp i sjølvaste Jugendbyen med eit eige Jugendstilsenter, dersom vi hadde fått kome inn?

Jugendstilsenteret har tilbod for 8.-10. trinn: Jakten på en norsk identitet. I omvisninga som vi ikkje får oppleve står det:  Elevene får lære om bybrannen og Apotekergården, i tillegg ser vi på Jugendstilen i Ålesund i en større nasjonal sammenheng.

En by fylt med viktige historier

Ålesund kan også skilte seg med å ha fostra opp ein av Noregs største krigsheltar Joachim Rønneberg. Tenk om elevane kunne fått sett den flotte utstillinga ved Aalesunds museum?

Nokre lyspunkt er her sjølvsagt; Sentrumsforeninga inviterer skuleklasser til omvising inne i Byfjellet ved «først til Mølla» prinsippet. Altså, det er det private nærlingslivet som stiller opp, og ikkje kommunen som faktisk har ansvaret for opplæringa.

Ålesund kommune bør sette av pengar til museumsbesøk, samt utarbeide ein plan for korleis byhistoria skal formidlast til neste generasjon.

Her bør det vere både kulturformidlarar, museumstilsette,  og  pedagogar frå barnehagane og skulane  i utarbeidinga. Truleg finns det også kunnskapsrike pensjonistar med restarbeidsevne som kan bidra.

Eg håpar at dei som sit på pengesekken for utdanning i denne byen ser ned på stauta av Harald Grytten, og spør seg sjølv; Kva ville Grytten gjort?

Enn så lenge kan elevane bruke dei kommunalt sponsa IPadane sine og google Jugendbyen Ålesund…

Av: Magritt Jarlsdotter Grimstad, ungdomsskulelærar og innflyttar til Ålesund.

Bypatriotens Kulturkalender

Se alt som skjer i Ålesund

Alltid mye å glede seg til!