Til toppen

Kronikk: Skaper samhald og stoltheit

Frivilligheita er limet i samfunnet, som skaper gode minner, venskap, samhald og stoltheit. Det er ein stad å møtes, ein stad å lære og ein stad å vere i aktivitet, skriver Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør og Ottar Brage Guttelvik, fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune i denne kronikken.

2022 er Frivilligheita sitt år. I 2022 skal vi synleggjere og anerkjenne det viktigaste lagarbeidet i Noreg. Markeringa som vil skje gjennom heile året, og over heile landet, vil auke kjennskapen til frivilligheita og bidra til å rekruttere fleire inn i det frivillige arbeidet. Sjølv om mange deltar i dag, er det behov for å få med enda fleire.

Verdiskaping: 3,9 mrd. kr.

Verdien av gratisarbeidet som blir gjort er vanskeleg å måle. Basert på nasjonale tal, var verdiskapinga i Møre og Romsdal på om lag 3,9 milliardar kroner, og 142.000 personar har utført frivillig arbeid i 2019. Tala fortel oss at utan alle dei som jobbar frivillig og gratis, ville samfunnet vore mykje fattigare.

Frivilligheita byr på mykje meir en vaffelsteiking og dugnadsinnsats.

Frivilligheita byr på mykje meir en vaffelsteiking og dugnadsinnsats.

Men frivilligheita byr på så mykje meir enn dugnadsinnsats og arbeidskraft. Den er ein stad for kompetanse- og tradisjonsformidling, miljøengasjement, inkludering, meistring, myndiggjering og kulturell- og demokratisk innsikt. Frivilligheita er ein grunnleggjande del av livet, skaper eigarskap til lokalsamfunna og eit solid bidrag til god folkehelse.

Berekraftig innsats

Frivilligheitsarbeidet er òg berekraftig. Møre og Romsdal skal vere berekraftfylke nummer ein i Noreg, og jobbar etter FN sine 17 berekraftsmål for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Frivilligheita bidrar innanfor fleire av dei 17 FN-måla, for eksempel god helse og livskvalitet (mål nummer 3), god utdanning (mål nummer 4), mindre ulikskap (mål nummer 10) og berekraftige byar og lokalsamfunn (mål nummer 11). 

Korona bremsar frivillig arbeid  Sidan mars 2020 har restriksjonar grunna Covid-19 avgrensa aktiviteten i dei frivillige laga og organisasjonane.

Korona bremsar frivillig arbeid Sidan mars 2020 har restriksjonar grunna Covid-19 avgrensa aktiviteten i dei frivillige laga og organisasjonane.

Utfordringsbilde

Sjølv om Noreg er i verdstoppen i frivillig arbeid, har engasjementet og deltaking endra seg i takt med samfunnsutviklinga. Før var det vanleg med livslange medlemskap i lag og organisasjonar, no er medlemskap og engasjement i større grad knytt til ulike fasar i livet, og/eller meir kortvarige og avgrensa prosjekt som tek mindre tid og er mindre forpliktande. Det er og ei utfordring at betre økonomi gjer at stadig fleire vil betale for seg, framfor å utføre frivillig arbeid.

Mange organisasjonar slit med rekruttering av nye frivillige, og med å få folk til å ta på seg ansvar og styreverv. Det er og ei utfordring at frivillig sektor i aukande grad er ein arena for dei ressurssterke, medan personar med låg inntekt, låg utdanning og svak tilknyting til arbeidsmarknaden oftare fell utanfor.

Korona bremsar frivillig arbeid

Sidan mars 2020 har restriksjonar grunna Covid-19 avgrensa aktiviteten i dei frivillige laga og organisasjonane. Kva for langsiktige konsekvensar pandemien har hatt for frivilligheita i Møre og Romsdal er uklart, og vil truleg ikkje bli synleg før krisa er over og rekneskapen blir gjort opp. Men i rapporten «Frivilligheit og koronakrisa» (2021) frå Senter for forskning på sivilsamfunn og frivillig sektor skriv Arnesen og Sivesind om utfordringane: «Selv for organisasjoner som har klart seg økonomisk, kan begrensningene som smittevernrestriksjonene har lagt på aktiviteten, likevel ha følger på lengre sikt. Det kan tenkes at det har vært vanskelig å aktivisere medlemmer og frivillige og ikke minst å rekruttere nye, når det ikke har vært mulig å gjennomføre aktiviteter på vanlig måte.» 

Sjølv om pandemien har ført til avlyste øvingar og treningar, og fråfall i den organiserte frivillige aktiviteten, viser Arnesen og Sivesind til at undersøkingar også viser at mange har gjort ein frivillig innsats under pandemien. Denne frivilligheita i kvardagen har stor verdi og er ein sentral del av samfunnet sin beredskap i krisetid. 

Startskot for vegen vidare

At det nettopp er 2022 som er frivilligheita sitt år, kan bidra til å synleggjere frivilligheita sin kvardagsverdi og bidra til anerkjenning, synleggjering og rekruttering av nye grupper og interesserte. Slik kan frivilligheita sitt år bli eit startskot på vegen vidare.

Møre og Romsdal fylkeskommune skal også vere med å markere Frivilligheita sitt år. I perioden 6.-12. juni 2022 blir «Vår veke» arrangert i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen vil bidra med økonomisk støtte til dei som vil synleggjere frivillig aktivitet i heile fylket denne veka.

Håpet er at veka skal medverke til å synleggjere og aktualisere frivilligheita, anerkjenne og auke kjennskapen om ho, og bidra til å rekruttere fleire til frivillig arbeid. Saman med gode samarbeidspartar, håpar vi å avslutte året med ein stor konferanse 5. desember 2022, på FN sin internasjonale dag for frivillig arbeid.

Vi vil markere det gode arbeidet alle frivillige i Møre og Romsdal gjer, for å engasjere lokalsamfunna våre og slik skape ei betre og meir berekraftig framtid for oss alle.

 

Av: Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør og Ottar Brage Guttelvik, fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune