Regjeringa har gitt 125 millarder kroner i ekstra tilskot til idrettslaga i 2023. Midlane skal gå til arbeid med inkludering av born og unge i aldersgruppa 6-19 år. Dette er for i bidra i ei tid med aukande kostnadar i samfunnet.
I ei pressemelding fra Ålesund Idrettsråd opplyser de at de har fått 732 743,- til fordeling blant idrettlagene. Alle midlane skal gå direkte til idrettslag med medlemmer i målgruppa. Ansvarleg idrettsråd/idrettskrets kan sjølv velje kriteria for utdeling.
Idrettsrådet har valt å fordele direkte til idrettslaga basert på medlemstal i aldersgruppa.
– Midlane skal kome på konto innan kort tid. Vi i idrettsrådet vonar midlane kjem godt med og at det kan bidra til å at enno fleire får oppleve samhald og meistring gjennom gode idrettsopplevingar, seier leiar i Ålesund Idrettsråd, Gjermund Kvernmo Langset.
Midlane skal understøtte:
– Idrettslaget sitt arbeid med å inkludere born og ungdom som fell utanfor på grunn av sosial usemje og sosioøkonomiske grunnar.
– Å holde foreldrebetalinga og aktivitetar som er kostnadsdrivande nede.
Idrettslaga har handlingsrom til å bruke midlane slik dei opplever at det er mest nyttig for å oppnå formålet, innanfor retningslinjene som gjeld.