Til toppen

Folk i Aalesund: Konsert og dans til Per Bolstad sine slåttar

Ålesund Folk Festival opnar konsertserien “Folk i Aalesund” 2026 med «Konsert og dans til Per Bolstad-slåttar» – ein kveld som løftar fram musikken gjennom både forteljing og levande spel. På scena står Håvard Svendsrud, landskjend trekkspelar og drivkrafta bak plateselskapet Aksent. Det blir plateslepp av ny Bolstad-plate frå aksent denne kvelden!
Saman med Håvard står Arne M. Sølvberg – ein av våre mest meritterte formidlarar av tradisjonsmusikk. Dei tek publikum med inn i eit rikt musikalsk univers og gir slåttene nytt liv, med tydeleg forankring i tradisjonen og eit uttrykk som verkeleg svingar. Svendsrud og Sølvberg blir også med vidare og spelar til dansen etterpå.
Etter konserten blir det dans, med fleire sterke innslag som held golvet i gang utover kvelden. Fjelljom Spelemannslag med Arne Sølvberg i spissen startar dansen, så blir det bygdedans frå Møre og Romsdal med toraderspelar Marius Berglund – eit levande og rytmisk spel med trøkk i kvar tone og danseglede i kvar takt. Gruppa TA avsluttar ballet med runddansmusikk frå Sunnmøre og Romsdal. Dei består av Britt Elise Skram på fele, Odd Kåre Olafsen og Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel, Bernt Hansen på bass og Trond Salthammer på gitar.
  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

25.01.2026

Tid

18.00 - 19.30

Sted

Fabrikken Kulturscene
Molovegen 22, 6004 Ålesund
Nettsted
http://www.fabrikkenkulturscene.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Aalesund Folk Festival
Telefon
46945514
E-post
aalesund@folkfestival.no
Nettsted
Aalesund Folk Festival

Andre Arrangører

Fabrikken Kulturscene
Telefon
934 96 482
E-post
post@fabrikkenkulturscene.no
Nettsted
Fabrikken Kulturscene
Facebookarrangement
QR-kode