Hotte vottar
Strikkarar kan delast opp i to grupper: dei som elskar å strikke vottar. Og dei som ikkje gjer det. Men om du er ein av dei som tenker at vottestrikk er for utdatert, er Ingvild Grane her for å motbevise det. Det blir vottestrikketips, triks for å strikke med restegarn, masse fargeinspirasjon og nye tankar om strikketradisjonar. Sjølvsagt kjem det til å bli vist massevis av vottestrikkebilder som kanskje gir deg inspirasjon til eigne vottar og strikkeprosjekt. Og sjølv om du kanskje ikkje er ein vottestrikkar når du går inn til foredraget, kan det hende du har skifta gruppe når du går derfrå.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Ålesund bibliotek, Ålesund Frivilligsentral og Ålesund Husflidslag.
Gratis og ope for alle!