Til toppen
Vi vil gjerne ha med deg på segle og overnattingstur med den gaffelrigga skøyta. Mannskapet som stiller frå museet er skipper og to i mannskap; alle tre kvinner. Du treng ikkje seglerfaring, men må være i stand til å ta i eit tak når segla skal opp.
Vi startar frå Fiskerimuseet fredag 31.mai kl. 17 og er tilbake på kvelden 1.juni.
Endeleg program kjem, under kan du sjå ei skisse:
Fredag: vi gjer oss kjent med båt og mannskap og seglar ut frå Fiskerimuseet mot ei hamn der vi overnattar. Vi samlast til eit godt måltid og litt seglteori om kvelden.
Laurdag: Dagen går med til segling og øving på ulike manøvrar før vi sett kursen tilbake mot Ålesund.
Vi kan love godt humør, god mat og mykje læring.
Oppmøte: På – og avmønstring: Fiskerimuseet, Molovegen 10, Ålesund
Maks kapasitet: 12 personar. Overnattingsplass i køyer og hengekøyer med medbragt sovepose.
Pris: kr 1490,- inkluderer mat fredag kveld og tre måltid laurdag.
Kontaktperson: Ane Havnegjerde
997 69 682 / ane.havnegjerde@vitimusea.no
Har du lyst til å oppleve Borgundfjordfiske, men manglar båt? Bli med oss! Er du mellom 15 og 18 år kan du bli med Bankskøyta Storeggen av Ålesund på fisketur. Denne turen er sett av eksklusivt til ungdom, ta med ei ven og kom! Denne turen er sett av eksklusivt
• Utforsk sjøbua gjennom utfordringa «Holmbua-rundt»! Om du klarer heile runda, ventar ei overrasking du kan pynte deg med! • Leig ein robåt. Utforsk Ålesundet eller endå meir. Redningsvest og leigeavtale i resepsjonen. • Ta turen om bord i bankskøyta Storeggen. 1890 – talets mest avanserte havfiskebåt ligg ved kaia.
Fiskerimuseet inviterer publikum til å vere med og segle bankskøyta Storeggen. Storeggen er ein kopi av ei ålesundsk fiskeskøyte frå 1890 – åra. Med full seglføring har skøyta sju segl, og fiskarane den gongen var gode seglarar. Dette er ein tur for dei som ønsker å oppleve korleis det er
Bli med bankskøyta Storeggen av Aalesund og delta i det historiske Borgundfjordfisket. Eit fiske som har lokka Sunnmøringen i uminnelege tider. Vi stiller med fiskeutstyr og mannskap. Du treng gode kle og fiskelyst! Turen varer i 2 timar. Oppmøte: Kaia ved Sjøgata i Ålesund (like ved Circle K). Møt opp