Margit Ravn – besteseljarforfattar frå Ålesund. Føredrag ved Aud Farstad
Bøkene hennar er det ein kalla «ungpikebøker» der ung kvinne møter ung mann, det vert knutar på tråden og ting ordnar seg til slutt. Ravn skreiv lett, munnleg og muntert og handlinga stiller opp moralske utfordringar til ungdommane utan at det vert for alvorstungt.
Mange av bøkene hennar vart omsette til andre språk, men eit land var ho spesielt omtykt, nemleg Island. Alle bøkene hennar vart omsett til Islandsk og Ålesunds bibliotek fekk alle i gåve frå Ramn. Biblioteket har difor ein litt uvanleg kulturskatt i magasin.