The North West 2023: Bypakke Ålesund – festbrems eller byutviklar?
Korleis kan bypakkar vere eit viktig verktøy for berekraftig byutvikling? Kva alternativ finst for å utvikle bysentrum utan ein bypakke?
TORSDAG 27.04.23 / KL 08:30 – 12:00 / PARKEN
Bypakkar og kollektivknutepunkt er temaet for dette spennande arrangementet, leia av programleiar Pål Bakke. Diskusjonen vil også dreie seg om samfunnsutvikling og kva andre verktøy som kan vere aktuelle for å fremje berekraftig transport i byane våre.
Arrangementet vil innehalde ein paneldebatt med ulike aktørar som vil dele sine erfaringar og perspektiv. Bli med og lær meir om korleis bypakkar og kollektivknutepunkt kan bidra til å utvikle byane våre på ein berekraftig måte!
