Til toppen

Teatret Vårt: Barselfeber

Leikent og tankevekkjande om morsrolla

På ei fødeavdeling på Vestlandet blir ulike lagnader og livshistorier kryssa gjennom eit heilt spesielt døgn. Medan sterke krefter herjar båe inne på avdelinga og utanfor, blir livshistoriene til desse kvinnene rulla opp. Dei avdekkjer sårbarheit og styrke, og syner korleis svangerskap, fødsel og morsrolla kan prege eit heilt liv.

I Barselfeber møter me ei kvinne som ikkje greier slutte å få barn, ei anna blei gravid mot si vilje. I eit tidvis draumeaktig univers blir lagnadene deira knytt saman med den barnlause jordmora og reinhaldsarbeidaren som måtte føde i eit framandt land.

For sjølv i eit straumlinjeforma samfunn, og med dei beste fagfolka i verda i fotenden av senga, opplevast det å bli mor heilt ulikt.

Slik musikalske minne ofte er knytt til dei store hendingane i livet, er musikken òg viktig i Barselfeber. Framsyninga eksperimenterer med popsongar som blir framførte i nye versjonar av skodespelarane undervegs. Dei er med på å formidle kva karakterane går gjennom – og viser korleis songar vi kjenner kan få ei anna betydning når dei blir flytta til ein annan stad.

Barselfeber er ei dels ettertenksam, dels komisk framsyning om det mest naturlege og mest overveldande i livet. Det er både beinhard verkelegheit, og overnaturleg kaos. Vil møta i det uvanlege døgnet endre livet til kvinnene endå ein gong, eller vil dei halde fram som før?

Stikkord: ,

Dato

05.05.2023
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.00

Mer info

Les mer

Sted

Arbeideren kulturhus
Lorkenesgata 2, 6002 Ålesund
Opening Hour
09.00-15.00 mandag-fredag. 11.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/for-arrangorar/arbeideren-kulturhus.29925.aspx?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Teatret Vårt
Telefon
71240280
E-post
post@teatretvart.no
Nettsted
Teatret Vårt

Andre Arrangører

Arbeideren kulturhus
Telefon
70162468
E-post
parkenkulturhus@alesund.kommune.no
Nettsted
Arbeideren Kulturhus
QR-kode

Leave a Comment