Til toppen

Skogsprinsessa

Skogen treng hjelp, er du den rette?
Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. No er det skogsprinsessa Alva si tur til å bli dronning.
Men alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen… Rykter og vonde tankar spreier seg i skogen, og plutseleg er det vanskeleg å vite kven som snakkar sant i den store skogen, kor kjem desse mørke tankane ifrå? Skogen treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.
Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien!
Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape unike teateropplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart kompaniet nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2023 mottok kompaniet Bergen Teaterforenings pris “Rampeløkten” for sitt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken inviterer no liten og stor ut, og inn i vår skogsverd for å sjå ting ikring oss, på ein heilt ny måte.
Meir info: eventyriparken.no
  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

19.06.2025

Tid

18.00 - 19.15

Sted

Tueneset
6006 Ålesund

Arrangør

Teatret Vårt
Telefon
71240280
E-post
post@teatretvart.no
Nettsted
Teatret Vårt
Facebookarrangement
QR-kode