Til toppen

Shetland – eit samfunn vi har mykje til felles med!

Velkomen til Ålesund bibliotek for å høyre meir om historia til Shetland, øysamfunnet som ein gong var ein del av Noreg.
Sommerakademiet feirar i år 25 år og har i det høvet etablert seg på Sunnmøre. Det er ein organisasjon som har som formål å drive distriktsutvikling basert på aktivitetar og prosjekt innan kunst, kultur, handverk, historie og natur, då i form av kurs, seminar, utstillingar, fagkonferansar og tematurar i Vesterled.
Karin Flatøy Svarstad er leiar av Sommerakademiet, og ho har reist i Vesterled i meir enn 20 år. Med på føredraget har ho med seg Kristin Prestvold, som er arkeolog og jobbar til dagleg i Trøndelag fylkeskommune, med kulturminne som sitt fagområde. Kristin er forfattar av boka «Oppdag Vesterled» som nyleg har komme ut i nytt opplag.
Denne kvelden vil dei to damene ta dykk med på ei reise til Shetland der du får høyre om folket, historia, kva folk lever av, kva dei arbeider med og korleis det ser ut på desse øyane ikkje langt frå oss. Karin Flatøy Svarstad viser også fram ei miniutstilling som viser tekstilhandverk frå Shetland.
Arrangementet er gratis og ope for alle!
  • Pris:

    Gratis og åpent for alle.

Dato

13.11.2023
Utløpt!

Tid

18.00 - 19.30

Sted

Ålesund bibliotek
Keiser Wilhelms gate 16, 6003 Ålesund
Opening Hour
10.00-19.00 mandag-torsdag. 10.00-16.00 fredag. 10.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://alesundsbiblioteka.no/biblioteka/alesund/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Ålesund bibliotek
Telefon
70162260
E-post
mailto:alesund.bibliotek@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesundsbiblioteka

Andre Arrangører

Sommerakademiet
Telefon
952 15 399
E-post
sa@somak.no
Nettsted
Sommerakademiet
QR-kode

Leave a Comment