Opning av vandreutstillinga “Sunnmøre – i boks”
Velkomen til utstillingsopning på Ålesund bibliotek – torsdag 16. januar kl. 18.00!
Utstillinga fortel om Sunnmøre, ein stad i verda der folk og kulturar har møtt kvarandre i mange tusen år. Nokon har kome og nokon har reist her i frå. Overalt er det spor etter menneska som var her før oss. Kven var dei?
Utstillinga har fysiske objekt du kan ta på, objekt du kan zoome inn på, som eit mikroskop – og filmar. Den har også eit eige læreverk om du ønsker å lære meir om norsk språk og kultur.
«Sunnmøre – i boks» er blitt til i samarbeid mellom Viti, Interkommunalt arkiv ved SEDAK, Ålesund bibliotek, Nynorsk kultursentrum og Møre og Romsdal fylkeskommune.
Utstillinga skal turnere til biblioteka i Møre og Romsdal.
Viktige samarbeidspartar har vore Vaksenopplæringa i Ålesund kommune, Røde Kors, Farstad foto (film), RUFO (transportable montrar), Nordvestprofil (trykk montrar) og Tegneren (grafisk design).
