Nynorsk Salmebok 100 år
I 2025 er det 100 år sidan Nynorsk salmebok vart gjeven ut. Den nynorske
salmeboka fekk svært mykje å seie for nynorsk som kyrkjemål og for
nynorsken som samfunnsberande språk.
Nynorsk salmebok vart laga av biskop Bernt Støylen og sokneprest Anders,
begge frå Sunnmøre, saman med biskop Peter Hognestad. Boka blei til i ein
periode over fire år, er ei tid der språkstriden var sterk og målrørsla vaks.
Dette arrangementet markerer jubileet med salmar og tonar, refleksjonar og
ei vandring gjennom bakgrunnen for denne verdifulle salmearven.
Markeringa er eit samarbeid mellom Borgund Mållag og Ørskog sokneråd.
Det blir foredrag om Nynorsk salmebok ved Marit Kaldhol og utvalde salmar ved Skodje kyrkjekor.
-
Pris:
Kollekt.