Ny kulturplan – påverk innhaldet!
Vi lagar no ein ny kulturplan som skal styre kommunen sin innsats innan kulturfeltet i perioden 2025 til 2035. Vil du bli med på innspelsmøte?
Korleis lagar vi ein plan som gir næring og vekst til heile kulturlivet? Kvar trykker skoen? Tenker vi for smått? Vi treng dine tankar og behov om kulturfeltet Her er sjansen til å lansere forslag og behov. Du kan da påverke innhaldet og kva Ålesund skal satse på i dei neste 10 åra.

Tid: Torsdag 13.mars kl. 16.30 – 21.00
Sted: Bystyresalen

16.30 Kultursjef Oskar Skulstad serverer kaffi, bagettar og frukt. Det blir anledning til litt prat før vi begynner. Kanskje møter du ein spennande samarbeidspartnar.
17.30 Vi startar presis med innspelsprosessen. Vi er ferdige seinast kl. 21.00
