Kjønn, identitet og barn: Foredrag av Marit Bruset
Marit Bruset skal halde eit foredrag med ein utviklingspsykologisk forståing av omgrepet “identitet” som fagleg utgangspunkt.
Bruset er kritisk til at kjønn er lausrive frå denne forståinga, og at omgrepet “kjønnsidentitet” er gitt innpass overalt i samfunnet; i lovverket, i undervisningssektoren og i behandlingsapparatet.
Eit sentralt spørsmål er korleis vi tek vare på pasientsikkerheita når unge med høg førekomst av psykiatrisk problematikk, opplever kjønnsinkongruens (manglande samsvar mellom sjølvidentifisering av kjønn og biologisk kjønn) og ber om behandling.
Ho meiner at den faglege behandlingsretningslinja innført i 2020, kvilar på eit mangelfullt kunnskapsgrunnlag som kan gi variasjon i praksis og gir auka risiko for feilbehandling. Ho viser til UKOM-rapporten (publisert 9.mars 2023).
I foredraget vil hun også snakke om korleis pasientsikkerheit inngår i dette.
Om foredragshaldaren:
Marit Bruset er psykologspesialist og har 30 års erfaring frå klinisk arbeid med barn og unge med identitetsproblematikk.
Ho har over fleire år deltatt i det offentlege ordskiftet om barn og unge sine behov på fleire område. Ho er også styreleiar og fagleg støtteperson i GENID, som er eit politisk og religiøst uavhengig nettverk av foreldre/nære pårørande til personar med kjønnsinkongruens.
-
Pris:
Gratis
