Til toppen

Inspirasjonssamling med tema Hans Nielsen Hauge

Det Norske Misjonsselskap (NMS) arrangerer inspirasjonssamling for misjonsvener og andre interesserte i Borgund menighetshus onsdag 18. september.

Tema for kvelden blir Hans Nielsen Hauge. Det er i år 200 år sidan han døydde. Jostein Garcia de Presno, høgskulelektor på Høgskulen i Volda, vil fortelje om den 10 år lange rettssaka (1804-1814) og tida etter den, og korleis Hauge og haugianarane vidareførte vekkingsarbeidet etter rettssaka. Han vil også kome inn på korleis haugianarane var sentrale i oppstarten av NMS.

Jostein Garcia de Presno held på med ei doktorgradsavhandling om haugianarane.

Leiar i NMS for Nordre og Austre Sunnmøre, Berit Nerheim Andersen, fortel at alle er hjarteleg velkomne.

Dato

18.09.2024
Utløpt!

Tid

19.00

Sted

Borgund Menighetshus
Borgundgavlen

Arrangør

NMS - Det Norske Misjonsselskap
Telefon
51516100
Nettsted
NMS
QR-kode