Til toppen

Høstscena 2025: Frå form til famling

Performancen går over 4 timar frå startstidspunktet og strekker seg gjennom dei ulike romma av KUBE og ut til det omkringliggande byrommet og inviterte tilskodaren til en aktiv fundering over kvifor noko vert hugsa og anna vert gløymt.
Laurdag 27. september vert arbeidet framført på engelsk, søndag 28. september vert arbeidet framført på norsk.
Frå Form til Famling er eit nytt koreografisk arbeid som tek utgangspunkt i dei materielle spora i arkivet etter Høvik ballett, det første frie profesjonelle dansekompaniet i Norge i nyare tid. Kompaniet eksisterte frå 1969 til 1989, og hadde Henie Onstad Kunstsenter på Høvikodden som fast tilhaldsstad. Samanlikna med musikk, teater, visuell kunst og litteratur frå same periode er den tidlige dansekunsten lite dokumentert, men noko finst. Prosjektet har arbeidd med foto og filmmateriale frå den første perioden frå 1969 til 1975, og tittelen er ei reversering av NRK-programmet Fra famling til form fra 1969, den første filmdokumentasjonen av kompaniet.
Koreografien er utvikla i et nært samarbeid og gjennom ei fleirårig utforsking med dansekunstnarane Ilse Ghekiere, Terje Tjøme Mossige, Magdalene Solli og Per Roar. Musikken er nyskriven og framført av Ane Marthe Sørlien Holen, Jan Martin Smørdal og Kristine Tjøgersen, kostyme og det visuelle ved Solveig Fagermo, lysdesign av Elisabeth Kjeldahl Nilsson og lyddesign Nikolai Høgseth. Kunstnarane møter spora av det originale materialet i vår samtid, og undrar seg over kva kropper og hendingar som fekk vere nærverande og fråverande i historieforteljinga om Høvik ballett. I dette resonansrommet veks det fram ein flerstemmig vev av nye forgreiningar.
Frå form til Famling skjedde som en tverrkunstnerisk performance over flere timar ute og inne på Henie Onstad Kunstsenter frå 2. til 5. november 2023 og verket vart nominert til Kritikarprisen i Dans i 2024. Arbeidet er del av sluttresultatet til Solveig Styve Holte sitt Phd arbeid ved avdeling Dans ved Kunsthøgskolen i Oslo «Choreographing an Archive of Relations: Singularities and the Shared Commons in Dance».
«Frå form til famling» vert i Ålesund framført i relasjon til utvalde verk av Sidsel Colbiørnsen frå utstillinga «Flukt Frihet»
Samarbeid mellom Høstscena og Jugendstilsenteret og KUBE.
  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

28.09.2025

Tid

12.00 - 16.00

Sted

Jugendstilsenteret og KUBE
Apotekergata 16, 6004 Ålesund
Opening Hour
11.00-17.00 tirsdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/jugendstilsenteret-kube?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Høstscena
Telefon
70 16 27 50
E-post
siri@hostscena.no
Nettsted
Høstscena

Andre Arrangører

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
Facebookarrangement
QR-kode