Gapahukens dag på Alvestadhuken!
Den 27. september er det Gapahukens dag, noko som blir markert kvart år i heile landet. Denne dagen skal Sunnmøre friluftsråd ha eit arrangement i samarbeid med Alvestadreiten og Alvestad utmarkslag, på Alvestadhuken i Haram kommune. Oppmøte blir på gapahuken, som ligg 1,7 km frå parkeringa på Hildre skule, klokka 12. Her blir det servering av kaffi, kakao og noko småknask, det blir bål og bingo!
- Aldersgrense: Alle er velkomne!
-
Pris:
Heilt gratis
