Førjulssøndag på Sunnmøre museum
Julebakst, julesong, juleverkstad, julelys! Tradisjonen tru ønskjer vi velkomen til ein stemningsfylt førjulssøndag i hus og tun.
Inkludert i billetten får du vere med på mange kjekke og lærerike førjulsaktivitetar!
Bak peparkaker, potetkaker og prøv deg på lefsekunsten. Dypp stearinlys, smak heimelaga julebakst og gløgg. Lag julehjarte, kubbenissar, juleduskar, julekorger og perlehjarte. Snekre småbåt, slå båtnaglar og prøv smikunsten. Høyr spanande eventyr og mykje meir!
I Åkre bedehus går vi rundt juletreet med song og musikk. Torader i Nordvest fyller Yttarlandstova med lystige tonar og vi får besøk av stjernejenter og stjernegutar frå Steinerskulen – med lys, lykter og vakker song.
På området finn du små buder med sal av alt frå pleiande kremar og urtesåper til vakre dekorasjonar og flotte saueskinn.
Og innimellom – ta ein pust i bakken i stemningsfylte Ytterlandstova med ein kopp kaffi, ei lun svele eller ein nysteikt vaffel. I museumskafeen har vi nydeleg rømmegraut, smakfulle pølser, søte kaker og nysteikte sveler, varm kakao og nykverna kaffi!
Velkomen til ein aktivitetsrik og kjekk førjulssøndag for heile familien!
- Billett: https://booking.duell.no/stiftinga-viti/standard/event/f-rjulss-ndag-p-sunnm-re-museum-7411?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
 - 
                            
                                                        Pris: 
                            
                                                            
Vaksen kr 150
Barn (3-18 år) kr 100
Ledsagerbevis gratis!