FOREDRAG: Utvandringa til Amerika, frå Ålesund
Hausten 2024 kom ålesundaren Bjarne Fylling med boka «Utvandringen til Amerika fra Ålesund og omegn».
Boka handlar om dei meir enn 2000 personane som forlet den vesle kystbyen i Noreg for å slå seg ned i Amerika.
Dei busette seg overalt på det amerikanske kontinentet: i industribyane på austkysten, langs det solrike Stillehavet, på den amerikanske prærien og i isaudet i Alaska.
I dette foredraget vil forfattaren forsøke å svare på kvifor folk på våre kantar valte å utvandre.
Vi følger nokre av emigrantane på reisa, frå bygdene på Sunnmøre, via Ålesund til Amerika. Vi blir med på reisa over Atlanterhavet og ser nærare på livet i det nye heimlandet.
Foredraget inneheld mykje spennande informasjon som ikkje fekk plass i boka.
Det vert også høve til å kjøpe boka.
Om forfattaren:
Bjarne Fylling er utdanna historikar med mastergrad frå Høgskulen i Volda. Han har jobba 30 år i skuleverket, dei fleste av desse i den vidaregåande skulen. Arbeidet med boka har pågått i fleire år. Mykje tid har gått med på å samle inn opplysingar frå arkiv.

Merk! Etter møtet, klokka 19.00, vert det årsmøte i Sunnmøre historielag.
- Billett: https://booking.duell.no/stiftinga-viti/standard/event/foredrag-utvandringa-til-amerika-fr-lesund
-
Pris:
Kr 100.
Gratis for medlemmer i Sunnmøre historielag