Foredrag med Knut Maaseide: Utanriksflåten i Ålesund på 1800-talet!
Vi får høyre om fartøya, reiarane, skipperane, sjøfolka og kvar dei segla. Kva frakta skutene ut i verda og kva hadde dei med seg heim?
Ei av skutene var den nybygde skonnerten Memoria Parentum. Den vart hausten 1840 kjøpt inn til Ålesund frå Flekkefjord av kjøpmennene Ole Strøm på Brunholmen og Niels Devold på Olsplass.
Året etter gjekk Memoria Parentum gjennom Gibraltar-sundet som truleg første ålesundsskute med klippfisklast til Barcelona, ført av kaptein Ole Rybdahl og eit mannskap på åtte mann.
Ti år seinare, i 1851, vart skonnerten den første ålesundsskuta som kryssa Atlanteren. Ført av kaptein Andreas Bernhard Brekke gjekk ho til Havanna med klippfisk i kasser.
Sidan gjekk ho i oversjøisk fart på heile 1850-talet og var i mange hamner i fleire land i Latin-Amerika. Skonnerten vart selt ut av byen i 1865.
Velkomen til eit spanande, maritimt søndagsforedrag!
Arr.: Sunnmøre Museumslag
-
Pris:
Kr 100. Gratis for medlemmer i Sunnmøre Museumslag
