Til toppen

Foredrag: Storfjordens Venner 50 år

Sunnmøre Museumslag inviterer til foredrag ved Odd Normann Hoff.

Hoff deler historia om korleis Storfjordens Venner starta og arbeidet med å ivareta gardane og kulturarven langs Storfjorden.

Storfjordens Venner vart stifta 12.juli i 1975 i Geiranger, og har sidan den gang hatt som mål å ta vare på kulturarven etter folket som budde på dei veglause gardane langs Storfjorden.

Arbeidsområdet strekkjer seg heilt frå Magerholm og inn til botnen av Tafjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden.

I byrjinga låg hovudvekta på å redde bygningar frå forfall. Mange av gardane stod tomme, og husa forfalne.

Gjennom ein stor dugnadsinnsats klarte foreininga å berge dei første husa berre få år etter oppstart. Sidan då har Storfjordens Venner restaurert omlag 150 bygningar.

I foredraget vil Odd Normann Hoff fortelje om både restaureringsarbeidet, livet på gardane og den rike kulturhistoria knytt til fjorden.

Foreininga har i mange år reist rundt og delt desse historiene. Dei arrangerer og guida turar til nokre av dei fråflytta gardane.

  • Pris:

    Kr 100. Gratis for medlemmer i Sunnmøre Museumslag

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

26.10.2025

Tid

13.00 - 14.00

Sted

Sunnmøre museum
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Opening Hour
12.00-18.00 tirsdag-fredag. 12.00-16.00 lørdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/sunnmoere-museum?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti

Andre Arrangører

Sunnmøre Museumslag
E-post
museumslaget@vitimusea.no
Nettsted
Frivilligheit i Viti-musea
Arrangementslenke
QR-kode