Foredrag: Landslova 750 år
I år feirar vi 750-årsjubileet til kong Magnus Lagabøtes landslov.
Sunnmøre Museumslag inviterar til foredrag ved jurist Lars Kvestad. Kvestad vil mellom anna fortelje om tilhøva kring då landslova vart til.
Det er fleire ting ved Landslova som gjer den unik i europeisk samanheng. Den tok sikte på å regulere samfunnet i sin heilskap, den kom i ein periode kor det fanst få andre lovbøker og ikkje minst vart den brukt gjennom fleire hundreår.
Dette veit vi både frå mengda avskrifter av landslova, men også frå tingbøkene som vi har bevart frå 1600-talet og framover.
I tillegg til å fortelje om tilhøva kring då landslova vart til, ser også Kvestad på korleis landslova var med på å endre samfunnet. Vidare vil perioden framover mot dei nyare lovbøkene frå 1604 og 1687 drøftast.
Til å illustrere drøftinga vil saker frå Sunnmøre sorenskriveri brukast. Dei vil syne korleis landslova framleis fungerte og vart brukt på 15- og 16-talet, og då i symbiose med ein annan vesentleg samfunnsaktør – kyrkja.
-
Pris:
Inngang: 100,-
Gratis for medlemmer i Sunnmøre museumslag
