Foredrag: Eit stykke norsk luftfartshistorie
Sunnmøre Museumslag inviterar til foredrag ved Per Erik Dalen.
Dalen vil ta for seg den spennande reisa til Mørefly – etablert i 1955, med base i Ålesund.
Typisk for tida var at flyselskap brukte namn som Møre-fly, Fjord-Fly, Agder-fly, Nord-ving.
Etableringa vart gjort av fleire “fly interesserte” ungdommar, men etter kvart vart det tre og seinare to aksjonærar som eigde selskapet fram til sal på 90-talet.
Det heile starta med eit lite sjøfly og lite eller ingen eigenkapital.
Gjennom ein fantastisk innsats frå tilsette og tolmodige samfunnsbyggande bankar, utvikla Mørefly seg til eit landsdekkande selskap – med fly og helikopteroperasjonar innanfor dei fleste marknadssegment.
-
Pris:
Inngang: 100,-
Gratis for medlemmer i Sunnmøre museumslag