Til toppen

Fjord Cadenza 2023: The Brazz Brothers: Jazz Cadenza

The Brazz Brothers er ein institusjon i norsk kulturliv. I løpet av fire tiår med kontinuerlig drift har ensemblet spelt over 5000 konsertar over heile verda, og dei livlege karane frå Langevåg har blitt ei merkevare i det ganske land, med sitt gode humør, suverene formidling og enorme speleglede.

To av gruppa sine medlemmar, Helge og Jan Magne Førde, har begge gjennom åra samarbeida og levert kritikerroste bestillingsverk til Fjord Cadenza. Helge Førde og Ronnie M.A.G. Larsen med jazzoperaen Storkaren i 2012, og Jan Magne Førde med orkesterverket The Sound of a Fjord i 2015.

På konserten på Teaterfabrikken vil vi få høyre The Brazz Brothers med fullt trøkk, og utdrag frå jazzoperaen Storkaren med Magne Fremmerlid som solist.

Rykta fortel om både band og solist i toppform – bli med på festen, du óg!

Jan Magne Førde – trompet
Helge Førde – trombone
Stein Erik Tafjord – tuba
Runar Tafjord – horn
Kåre Nymark – trompet
Kenneth Ekornes – trommer
Magne Fremmerlid – vokal

Dato

01 sep 2023
Utløpt!

Tid

20.00 - 23.55

Sted

Teaterfabrikken
Molovegen 22, 6004 Ålesund
Nettsted
https://teaterfabrikken.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza

Andre Arrangører

Teaterfabrikken
Telefon
70 10 04 10
E-post
post@teaterfabrikken.no
Nettsted
Teaterfabrikken
QR-kode