Til toppen

Fjord Cadenza 2023: Opningskonsert: Grieg Klaverkonsert i A-moll og Dvorak 8. symfoni

Velkomen til ein storslagen opningskonsert med Edvard Grieg A-mollkonsert og Antonín Dvořák 8. symfoni på programmet. Eit spennande symfoniorkester, satt saman av Fjord Cadenza, vert dirigert under Rune Bergmann. Solist for anledninga er ukrainske Anna Fedorova, på klaver.

Frå ein tidleg alder viste den ukrainske pianisten Anna Fedorova ein medfødd musikalitet og imponerande teknisk dyktigheit. Hennar direktesendte framføring av Rachmaninoff sin andre pianokonsert har over 37 millionar visningar på YouTube og har fått lovord frå kritikarar og verdskjende musikarar. Ho opptrer jamnleg på verdas mest prestisjetunge konsertsalar som Concertgebouw i Amsterdam, Carnegie Hall & Lincoln Center i New York, Palacio de Bellas Artes i Mexico City, Tonhalle Zürich, Théâtre des Champs-Elysées i Paris, Bunka Kaikan i Tokyo, og Barbican Centre & Royal Albert Hall i London.

Som solist har Anna Fedorova opptrådd med mange fantastiske orkester som Philharmonia Orchestra, Verbier Festival Orchestra, Royal Philharmonic, Tokyo Symphony, Yomiuri Orchestra, Ukrainian Freedom Orchestra, Utah Symphony, Dallas Symphony, Hong Kong Philharmonic, og Netherlands Philharmonic. Med tilnamnet “huspianist” (Telegraaf) på Concertgebouw, har Anna Fedorova gitt over 45 konsertar i denne prestisjetunge konsertsalen i Amsterdam, ofte direktesendt. Ho er ein fast gjest ved leiande musikkfestivalar som Verbier og Menuhin Festival i Sveits, Stift Music Festival i Nederland, Festival de Sintra i Portugal og Ravinia Festival i USA. I juli 2022 opptrådde Anna med Verbier Festival Orchestra under leiing av Gianandrea Noseda ved opninga av Verbier Festival. Og ei veke seinare gjorde ho sin debut på den internasjonale pianofestivalen La Roque d’Anthéron med eit solorecital, til mykje ros frå både lokal og internasjonal presse.

Anna Fedorova – klaver
Rune Bergmann – dirigent

Dato

31 aug 2023
Utløpt!

Tid

19.30 - 20.50

Sted

Gomerhuset
Stadionvegen 25, 6260 Skodje
Nettsted
https://www.gomerhuset.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza
QR-kode