Til toppen

Fjord Cadenza 2023: Opning av kunstutstilling med Johanna Søvik

Velkomen til opning av årets kunstutstilling på Jentekolonien.

Vi har æra av å stille ut verk frå den unge ålesundskunstnaren Johanna Søvik. Ho har atelier i Berlin og Beijing, men no vender ho nasen heimover til Sunnmøre for å presentere kunsten sin under Fjord Cadenza sitt 30-års jubileum.

Johanna Søvik har allereie i ung alder etablert eit særpreg og eit signaturuttrykk i sine arbeid. Ein variert palett kombinert med fragment og fordreiingar av kjende former, skaper både kjennskap og spenning for den som ser. Slik evnar ho å fange auget umiddelbart, og samtidig legge til rette for eit tolkings- og refleksjonsarbeid som gjer at det er vanskeleg å sleppe taket i kva meir som ligg bak motivet.

(Siste avsnitt er lånt frå KHÅK sine heimesider.)

Under opninga av kunstutstillinga vert det musikk – artist vert annonsert ved ei seinare anledning.

Dato

31 aug 2023
Utløpt!

Tid

17.00 - 18.30
Kategori

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza

Andre Arrangører

Jentekolonien
Telefon
907 57 814
E-post
utleige@jentekolonien.no
Nettsted
Jentekolonien
QR-kode