Til toppen

Fjord Cadenza 2023: INTRO: MiHelKen: Berre Slagverk

INTRO-konserten under årets Fjord Cadenza er MIHELKEN – “berre” slagverk. Eit unikt samarbeid mellom slagverkarane Miki Campins, Helge Nordbakken og Kenneth Ekornes. INTRO har invitert desse tre musikarne til eit eineståande musikalsk møte, og vi gler oss stort!
I dette prosjektet ønsker vi å løfte fram SLAGVERKAREN. Kor ofte skjer det ikkje at vi sit på konsert og tenkjer: “Gi oss meir trommer” og “Ein trommesolo til, da”. Den rytmiske seksjonen er ofte det bankande hjartet i det musikalske prosjektet, det som held liv i musikken, men dei må ofte halde seg i bakgrunnen. Musikarane på si side opplever ofte “ Eg får jo aldri mogleigheita til å spele saman med fleire slagverkarar”. Med Mihelken vil vi legge til rette for at desse tre rytmiske bombene skal få gjere akkurat det – og få fritt spelerom. Her kan alt skje. Vår eigen Miki Campins har fått velge sine 2 favorittslagverkarar i Noreg – og med desse tre samla på same scene kan vi love at du skal få kjenne på puls, godfot, overraskingar og rytmisk overtenning. Tilsaman omfavnar dei så og seie heile den rytmiske verda og resultatet av dette er det ingen som veit. Dei skal skape eit musikalsk verk utvikla spesielt for festivalen.
Arrangementet er gratis og passar for alle aldrar.
  • Pris:

    Gratis

Dato

02 sep 2023
Utløpt!

Tid

15.00 - 16.00

Sted

Gomerhuset
Stadionvegen 25, 6260 Skodje
Nettsted
https://www.gomerhuset.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza

Andre Arrangører

Gomerhuset
Telefon
70244190
E-post
post@gomerhuset.no
Nettsted
Gomerhuset
QR-kode