Til toppen

Fjord Cadenza 2023: Festivalvorspiel: “Mitt liv som polfarer”

Helge Ferstad – forfattar
Sondre Ferstad – son og musikar
Tor Øyvind Hummelsund – psykiater og musikar
Helge Ferstad fra Skodje er aktuell med si sjølvbiografiske bok om mani, tvangsmedisinering og maktesløyse. I Det dagblinde Folket gir Ferstad lesaren ei unik innsikt i fortvilinga, maktesløysa og smerta ein person med bipolar sjukdom kan oppleve.
Til dette arrangementet kjem han saman med musikar og psykiater, Tor Øyvind Hummelsund og sonen Sondre Ferstad som også er musikar. Desse tre vil ha ein samtale som tek utgangspunkt i boka, der dei vil sjå på fenomenet mani frå sine respektive perspektiv. Helge kjem til å lese utdrag frå boka, og Sondre og Tor Øyvind vil bidra med musikalske innslag.
Kbtkompetanse.no skriv føljande om boka:
Det dagblinde Folket er en sterk beretning som gir leseren innblikk i hvordan livet til en person med bipolar 1 lidelse kan fortone seg. Selvbiografien har et skjønnlitterært preg over seg, og med et til tider svært så poetisk språk og rik bruk av metaforer tar Helge Ferstad oss med inn i sin egen smerte, frustrasjon og opplevelsen av maktesløshet i møte med psykiatrien.
Arrangementet er i samarbeid med Fontenehuset Ålesund:
Fontenehuset er eit frivillig arbeidsfellesskap for menneske som har eller har hatt psykiske helseutfordringar. Alle treng å bli sett, høyrt og ha nytte av å vere der.
Alle er velkomne, og du treng ingen tilvising. Tilbodet er gratis, livssynsnøytralt og politisk uavhengig. Deira fremste mål er å motivere menneske til arbeid eller studiar, og aktiv deltakelse i samfunnet gjennom arbeidsretta rehabilitering.
På Fontenehuset bygges gode relasjonar. Medlemmane opplever meistring og sjølvtillit ved å bruke sin kompetanse og erfaring i ulike arbeidsoppgåver.

Dato

30 aug 2023
Utløpt!

Tid

19.30 - 21.00

Sted

Fontenehuset Ålesund
Lihauggata 8B, 6002 Ålesund
Opening Hour
08.00-15.30 mandag-fredag.
Nettsted
https://www.fontenehuset-alesund.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza

Andre Arrangører

Fontenehuset Ålesund
Telefon
70 13 70 13
E-post
post@fontenehuset-alesund.no
Nettsted
Fontenehuset Ålesund
QR-kode