Til toppen

Fjord Cadenza 2023: Bruvandring med lysshow og videokunst

I samband med 30-årsjubileet til Fjord Cadenza, planlegg vi ei større jubileumsmarkering rundt dei 100 år gamle Skodjebruene. Teater, lys- og videokunst, og konsertar i friluftsområdet rundt bruene skal danne grunnlaget for ei interaktiv historisk vandring som skal fortelje historia til regionen, bruene og festivalen.

Bruene utgjer sjølve identiteta til bygda der festivalen har sine røter. Symbolikken med brubygging har vore ein sentral faktor i Fjord Cadenza sin vekst og har fungert som ein identitetsberar for festivalen, som vart skapt med tanken om å samle det internasjonale musikklivet og den lokale dugnadsånda. Målet var å skape store klassiske musikkopplevingar i uvanlege omgjevnader.

Framsyninga og bruvandringa skal fortelje historia om brubygginga som har funne stad i Skodje – dette inkluderer både sjølve bygginga og betydinga dei har hatt for busetjinga på Skodje. Det handlar óg om korleis Fjord Cadenza har bygd bruer mellom det internasjonale musikklivet og den lokale dugnadsånda, og korleis musikk og kultur kan knytte saman eit lokalsamfunn.

“Fokus skal vere på viktigheita av samhald, dugnadsånd, openheit og lagarbeid – både som eit innblikk i regionen si fortid og som ein peikepinn på kva som er viktig å ta vare på.”

Gjennom bruk av lyskunst, koreografi, historisk videomateriale, minikonsertar og teater skal vi fortelje historier frå Skodje. Markeringa vil gå fire kveldar på rad i festivalperioden frå 31. august til 3. september.

Maiken Rye og Kyrre Heldal Karlsen vil vere kuratorar og ha regi, i samarbeid med Fjord Cadenza og Skodje Sogelag. Karlsen har allereie starta eit forprosjekt saman med festivalen, der han har samla relevant materiale og testa fleire lokasjonar for lys- og videokunst. Markeringa vil finne stad i området rundt dei gamle bruene, som sidan 2015 har vore eit friluftsområde forvalta av fylkeskommunen.

Markeringa blir sjølve ryggrada i Fjord Cadenza 2023, og det blir vår måte å feire 30 år som festival og bruene sitt 100-års jubileum i 2022. I tillegg til markeringa vil det vere konsertar i nærområdet gjennom heile perioden, og alt anna som festivalen gjennomfører vil bygge rundt markeringa.

  • Pris:

    Gratis

Dato

31 aug 2023
Utløpt!

Tid

20.45 - 22.00

Sted

Skodjebruene
6260 Skodje

Arrangør

Fjord Cadenza
Telefon
466 51 225
E-post
post@fjordcadenza.com
Nettsted
Fjord Cadenza

Andre Arrangører

Skodje Sogelag
Telefon
958 67 805
E-post
kjel-sin@online.no
Nettsted
Skodje Sogelag
QR-kode