Til toppen

“Fire stemmer frå Sunnmøre” med gratis lunsj!

Sunnmøre har fostra ei rad forfattarar som når både nasjonal og internasjonal merksemd. I dette lunsj-arrangementet møter du fire av dei i samtale med Sunniva Relling Berg.
Hilde Myklebust og Aina Basso skal snakke om det å skrive bøker for ungdom, noko begge har gjort med stor suksess. Charlotte Riise og Nils-Øivind Haagensen skal snakke om eigen poesi.
Hilde Myklebust er frå Syltedalen på Sunnmøre. Ho debuterte med diktsamlinga Berre dagar seinare i 2005 og etablerte seg for alvor blant dei fremste unge lyrikarane i Noreg med Søkk i 2008. Felles for dikta til Myklebust er at naturen, og alt det som lever der, alltid er nærverande.
I 2009 gav Myklebust ut biletboka Jon og den lange julenatta, illustrert av Inger Lise Belsvik.I 2020 kom bildeboka Ylva og villgeitene, illustrert av Akin Duzakin.Ungdomsboka Splintra kom ut i 2022 og blei nominert til Brageprisen, til U-prisen og er valt ut som ein White Raven i 2023. Hilde Myklebust sine bøker er omsett til fleire språk.
Aina Basso er forfattar og historikar frå Giske, busett på Nesodden. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. Ho har seinare skrive romanar for både ungdom og vaksne, i tillegg til sakprosa for barn og unge. For Inn i elden blei ho nominert til Brageprisen i 2012 og Kulturdepartementets litteraturpris og Nordisk råds pris for beste barne- og ungdomsbok i 2013. For Finne ly (2014) fekk ho Bokbloggerprisen i kategorien Årets roman. I 2022 blei Basso nominert til Brageprisen i open klasse: sakprosa for barn og unge for Dei dødsdømde. Siste bok frå Basso er Eg rissa desse runene (2023), historiske noveller.
Charlotte Riise frå Ålesund fekk mykje positiv merksemd for sine to første diktsamlingar; Eg treng tid til å sakna deg (2012) og Der vi gøymer løyndommar (2014), begge utgitt på Gyldendal Forlag. Om debuten skreiv Dagbladets Helge Torvund: “Charlotte Riises dikt dirrar av nærleik til det levande i oss og kring oss”. Etter 10 års pause kjem Riise endeleg med ei etterlengta ny samling med poesi. Boken Vi ville tru kjem ut rett før litteraturfestivalen i januar 2025.
Nils-Øyvind Haagensen er også frå Ålesund. Han har markert seg med sitt særmerkte og ofte personlege uttrykk i både diktsamlingar og romanar. Han er kjend for å utforske det kvardagslege på ein måte som gjer det poetisk, og han blandar gjerne humor, melankoli og undring i tekstane sine. Han fekk Sult-prisen i 2004, og i 2013 vart han nominert til Nordisk råds litteraturpris for diktsamlinga «God morgon og god natt».
Nils-Øyvind Haagensen har vore journalist i Klassekampen, var i fleire år redaktør for Signaler, og jobbar no i Flamme Forlag.
  • Pris:

    Gratis og åpent for alle

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

25.01.2025

Tid

13.00 - 14.30

Sted

Bymisjonssenteret
Parkgata 9, 6003 Ålesund
Opening Hour
10.00-15.00 tirsdag, torsdag, fredag. 12.00-17.30 onsdag.
Nettsted
https://kirkensbymisjon.no/bymisjonssenteret-i-alesund/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Kirkens Bymisjon i Møre
Telefon
907 46 081
E-post
more@bymisjon.no
Nettsted
Kirkens Bymisjon i Møre
Facebookarrangement
QR-kode