Til toppen

EIGN – Det ytre og indre landskap – Opningsseremoni

Ny studentutstilling frå Ytre kunstfagskole i samarbeid med Alnes fyr og opplevelsessenter opnar 16. februar 2024.
Kuratorgruppa ved Ytre Kunstfagskole har gleda av å presentere studentutstillinga Eign: Det ytre og indre landskap, på Alnes fyr og opplevelsessenter. Utstillinga er sett saman av 13 studentars originale kunstverk. Utstillinga spenner mellom ei rekke kunstformer som maleri, grafikk og tredimensjonal kunst.
Utstillinga tar deg med på ei reise frå det ytre til det indre, og utforskar kva eit landskap kan være. Vi viser landskap frå det bokstavelege til det abstrakte. Eign tek deg med frå landskapet i det offentlege rom, inn til det private interiøret i heimen, og heilt inn til menneskets djupaste sinn. Korleis observerer vi naturen? Kva seier interiøret om mennesket sitt private landskap? Og kor langt inn kan eit landskap kan ein nå?
Kunst og samfunn har alltid gått hand i hand, og som kunststudentar er det essensielt å ha ein arena kor vi kan uttrykke oss. Alnes fyr og opplevelsessenter er ein slik inspirerande arena som gir oss blivande kunstnarar frie tøylar til å uttrykke oss fritt, og i denne utstillinga får publikum moglegheit til å oppleve nye perspektiv og kunstuttrykk gjennom ein ny generasjon kunstnarar sine blikk.
Utstilling: 16.02 – 11.03
  • Pris:

    Gratis

Dato

16 feb 2024
Utløpt!

Tid

19.00 - 22.00

Sted

Alnes Fyr og Opplevelsessenter
Alnesgard, 6055 Godøya
Opening Hour
11.00-17.00 tirsdag, onsdag, fredag. 11.00-18.00 torsdag. 12.00-18.00 lørdag, søndag.
Nettsted
https://www.alnesfyr.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Alnes Fyr og Opplevelsessenter
Telefon
90854449
E-post
post@alnesfyr.no
Nettsted
Alnes Fyr og Opplevelsessenter

Andre Arrangører

Ytre Kunstfagskole
Telefon
70 12 63 15
E-post
post@ytrekunst.no
Nettsted
Ytre Kunstfagskole
QR-kode