Til toppen

Boklansering – Det dagblinde folket av Helge Ferstad

Moa bibliotek inviterer til boklansering 13.september kl.19!
Helge Ferstad er denne hausten aktuell med ei sjølvbiografisk bok om å leve med sjukdommen manisk depressiv, eller bipolar 1 som er diagnosen som vert brukt i dag. Boka tek for seg manien; noko som innebèr det sinnsuttrykket som er prega av ukritisk og impulsiv livsførsel. «Det dagblinde Folket» omhandlar ein serie hendingar som resulterer i tvangstiltak gjennom psykiatrisk tvangsbehandling. Det er møtet mellom Folket, dvs dei tilsette i akuttpsykiatrien, og manikaren som vert drøfta. Lesarane får eit transparent innsyn i korleis eit menneske opplever manien sitt sinnsuttrykk. Forfattaren kjenner den kliniske akuttbehandlinga gjennom elleve tvangsinnleggingar.
Saman med forfattaren vil psykiater Ole Inge Gjøen og psykolog Asle Rypdal delta. Sistnemde har vore behandlar for Helge i ei årrekke. Han vil bidra med eit musikalsk innslag på hardingfele. Gjøen vil delta i samtale med forfattaren. Saman vil dei forsøke å løfte fram nokre av dei allmenne utfordringane knytt til psykisk helsesvikt. I tillegg vil Helge gi ei meir djupare tilnærming til korleis han har opplevd manien sitt særpreg.

Dato

13 sep 2023
Utløpt!

Tid

19.00 - 20.00

Sted

Moa bibliotek
Langelandsvegen 35, 6010 Ålesund
Opening Hour
10.00-18.00 mandag-torsdag. 10.00-16.00 fredag. 10.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://alesundsbiblioteka.no/biblioteka/moa/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Ålesund bibliotek
Telefon
70162260
E-post
mailto:alesund.bibliotek@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesundsbiblioteka
QR-kode