Bjarne Fylling: Utvandringen til Amerika
I boka “Utvandringen til Amerika fra Ålesund og omegn 1870-1925” har Bjarne Fylling tatt for seg historia til dei som utvandra frå Ålesund til Amerika. Torsdag 28. november kjem han til biblioteket for å presentere boka. Her kjem vi til å få høyre om dei som fann lykka «over there», men òg dei som sikkert skulle ønske dei aldri hadde forlatt heimlandet. Føredraget handlar først og fremst om Ålesund, men utan omlandet hadde det ikkje vore nokon by. Alle utvandrarane som vert omtalt budde i Ålesund på utreisetidspunktet, men mange av dei høyrde eigentleg heime i ein av nabokommunane. Difor vil vi få høyre om emigrantar frå heile Møre og Romsdal og frå Nordfjord. I tillegg til emigrantar frå Oppland, ikkje minst frå Lesja kommune. Føredraget vil ikkje berre ta for seg reisa over havet, men òg årsakene til at folk valgte å reise og korleis dei nye liva deira i Amerika vart.
Etter føredraget vert det høve til å kjøpe boka.
-
Pris:
Gratis og åpent for alle.