Til toppen

Billedkunst Live: Samtale mellom Bjørn Hatterud og Marius Moldvær

Jugendstilsenteret og KUBE og Vestlandsutstillingen i samarbeid med Billedkunst Live: Samtale mellom Bjørn Hatterud og Marius Moldvær
«Difor stakk det ein faen i meg! Skal ein først lage ei landsdelsutstilling for Vestlandet, så kunne ein jo like gjerne drite i kunsttrendar. For, kva om eg heller prøvde å leite etter noko – tilgje meg om du set kaffien i halsen no – vestnorsk? Noko eksotisk ifrå sjølvaste vestkysten?»
Bjørn Hatterud, Frå kuratorteksten til Vestlandsutstillingen 2024
I denne utgåva av Billedkunst Live vil Bjørn Hatterud og Marius Moldvær snakke om Hatterud sitt arbeid som kurator for Vestlandsutstillingen 2024, og korleis ein arbeider med ei regional landsdelsutstilling som har synt kunst til denne spreidde landsdelen i over 100 år. I samtalen vil Hatterud og Moldvær gå inn i funksjonen til ei regional utstilling, med fokus på kva mogelegheiter det gjev til både kuratorar og kunstnarar. Vidare kjem dei inn på korleis Hatterud sine erfaringar, bakgrunnen og interessene hans kan gje oss eit nytt syn på Vestlandet, sett vekk frå bønder sin salutt mot fjordutsikt i bunad og bjørkerøter sin kamp mot elementa – sjølv om det kanskje vert litt av det og.
Bjørn Hatterud, forfattar og kurator for Vestlandsutstillingen 2024, i samtale med kunstnar, skribent og styreleiar for Vestlandsutstillingen, Marius Moldvær. Begge er tilknytta Billedkunst som skribentar gjennom ei årrekke.
Arrangementet foregår på norsk, har gratis inngang og varer i omlag 45 minutt. Forfriskingar blir servert. Samtalen blir filma og tilgjengeleggjort i etterkant.
Hjarteleg velkommen!
  • Pris:

    Gratis

Dato

03.10.2024
Utløpt!

Tid

18.00 - 18.45

Sted

Jugendstilsenteret og KUBE
Apotekergata 16, 6004 Ålesund
Opening Hour
11.00-17.00 tirsdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/jugendstilsenteret-kube?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
QR-kode