Barnas leikebyttedag
Laurdag 26. april kl 12-14 inviterer vi alle barn til årets leikebyttedag på Ålesund bibliotek!
Ta med deg inntil ti leiker som du har lyst til å bytte vekk. Når du leverer dei, får du bongar som du kan bruke til å betale for dei leikene du vil ta med heim. Dette er leiker som andre barn har levert inn. Hugs at leikene må vere reine og heile!
Den siste timen kan ein velje fritt frå leikene som er igjen, utan å levere inn noko.
Leiker kan leverast inn på biblioteket frå onsdag 23. april.
Tips:
– Ta med eit handlenett!
– Ofte er det mykje baby-leikar att på slutten av dagen. Ventar du barn? Då kan du komme på slutten av dagen og plukke ut leikar, utan å levere inn noko sjølv.
– Skal du levere inn leikar med mange små delar? Putt alt som høyrar saman i ein gjennomsiktig pose! Då er det enklare for den nye eigaren å få med seg alt.
– Tenk gjennom før du leverar: ville eg valgt denne leika sjølv? Sjekk at alle viktige delar er med. Fjern klistremerker, vask av tusj/tegnemerker og vask bamsar.
– Vi tek ikkje imot utstyr til baby, sportsutstyr og klede.

Ein leikebyttedag er bra både for miljøet og for lommeboka! Det er alltid gøy med noko nytt, og no kan du få nye leikar, utan å knuse sparegrisen.
Barnas leikebyttedag er eit samarbeid mellom Frivilligsentralen, Ålesund bibliotek, Besteforeldrenes klimaaksjon, Hjelpegruppa og Redd Barna.