Artist Talk – Tause stemmer
Er det mogleg å sjå tause stemmer?Kunstnarane Lillian Karin Bjørdal, Marjan Dijkstra og Elisabeth Hatlehol Sairosi arbeider med tre ulike tilnærmingar til temaet. Dei kjem saman i Mottaket 3.-15.juni. Du er velkomen innom for å sjå korleis dei utforskar tause stemmer.
Historiene dei fordjupar seg i er ulike. Eit fellestrekk er å gjere synleg stemmene til marginaliserte grupper som ikkje har hatt moglegheit til å snakke, delta, eller ytre seg i samfunnet på lik linje med andre. Kan vi høyre rop frå dei stemmelause? Publikum får møte grafiske verk, skulpturar med stolar og installasjonar med nylonstrømper.
Torsdag 13. juni er det kunstnersamtale med rektor Trine Røssevold frå Ytre Kunstfagskole som moderator.
-
Pris:
100,-
Student: 50,-