Ålesund litteraturfestival 2025: “Slemme jenter”
Samtale mellom forfatterne Monica Goksøyr og Vigdis Hjorth, ledet av Charlotte Lunde.
Monica Goksøyr har markert seg med eit skarpt blikk for det mellommenneskelege og med eit språk som balanserer mellom det poetiske og det kvardagslege. Jenter og kvinners liv er sentralt i alt ho skriv. Slemme jenter var tittelen på novellesamlinga ho debuterte med i 2023.
Vigdis Hjorth er også ein forfattar som har vore opptatt av relasjonar, og har ei lang rekke bøker bak seg der både «slemme» og mindre slemme jenter og kvinner har ein sentral plass. Vi har invitert Monica Goksøyr og Vigdis Hjorth til ein samtale om jenter, kvinner, oppvekst og relasjonar.
Monica Goksøyr er ein ny norsk forfattar frå Runde på Søre Sunnmøre. Med røter frå Thailand skapar ho tekstar som røyrer alle som les boka hennar Slemme jenter. Goksøyr fekk i 2023 Tarjei Vesaas-prisen for beste nykommar. Goksøyr har evna til å fange opp små detaljar i livet og omforma dei til litteratur som både rører og utfordrar. I tekstane hennar kan lesaren ofte finne ein underliggjande kritikk av sosiale forhold, men dette kjem til uttrykk på ein subtil og innsiktsfull måte. Monika Goksøyr har allereie etablert seg som ei viktig stemme i norsk samtidslitteratur.
Vigdis Hjorth skriv eksistensielle bøker om menneska sine vilkår og livsval, med skarpe blikk for aktuelle tema i samtida. Med romanar som Hjulskift,Tredve dager i Sandefjord, Leve Posthornet og Et norsk hus har ho markert seg som ein uredd politisk forfattar. Ho har mottatt ei rad litterære prisar, og drog gjennom Arv og miljø i gang ein ny debatt om verkelegheitslitteratur. Ho tangerte denne tematikken gjennom Er mor død, Femten år. Den revolusjonære våren og Gjentakelsen, som ga henne Kritikarprisen.
Informasjon om billetter
Torsdag 23.01
Alle arrangement fra kl. 18.00 er samlet i én billett.
Lenkene er like så du trenger kun å foreta deg ett
kjøp om du vil oppleve alle dagens arrangementer
Alle arrangement fra kl. 18.00 er samlet i én billett.
Lenkene er like så du trenger kun å foreta deg ett
kjøp om du vil oppleve alle dagens arrangementer