Til toppen

Ålesund bibliotek legg til i Kulturhavna!

Onsdag 7. mai legg Ålesund bibliotek til i Kulturhavna!
Vi har fått eit eige minihus, som blir ope kvar onsdag frå 12 til 18 med byttebibliotek, frøbibliotek og planteverkstad. Bibliotek-minihuset vert óg ope under Barnas dager 8. – 11. mai, og når det er andre arrangement i Kulturhavna.
Vi er så heldige å ha fått hjelp av dyktige og kreative elevar frå Borgund vgs. til å innreie og dekorere minihuset. Boktreet dei har laga er verd eit besøk i seg sjølv!
Kulturhavna ligg på sørsida av Ålesund by, ved nedre Strandgate/Keiser Wilhelmsgate, og er eit mellombels sted å leike, oppdage, slappe av og meine som vert forma etter kvart som det vert brukt.
I minihuset til Ålesund bibliotek har vi eit byttebibliotek. Ta med deg ei gratis bok, sett ho tilbake når du har lest ho – eller kom tilbake med ei heilt anna bok!
Frøbiblioteket har også flytta til Kulturhavna. Kvar onsdag har vi planteverkstad, der store og små kan plante eit frø, ta det med heim og sjå det spire.
Velkomen til Biblioteket i Kulturhavna!
  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

10.05.2025

Tid

12.00 - 16.00

Sted

Kulturhavna
Keiser 1, 6004 Ålesund

Andre steder

Sørsida
Nedre Strandgate 21, 6004 Ålesund
Nettsted
https://sorsida.no/?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Ålesund bibliotek
Telefon
70162260
E-post
mailto:alesund.bibliotek@alesund.kommune.no
Nettsted
Ålesundsbiblioteka
Facebookarrangement
QR-kode