Til toppen

Aktivitetsdag i haustferien! 

Hausten er tid for sanking, hausting og jakt. Bli med på ein kjekk aktivitetsdag der du lærer om det hausten gir oss på Sunnmøre.

I verkstaden kan du lage smykke av ull frå norsk spelsau, trykke fine potettrykk og vere med på teiknekonkurranse. Inne i utstillinga blir du med på eventyrstund, og jaktar på den forsvunne poteta. Ute på Steinalderhomen varmar du deg med kakao, og spikker din eigen kakaopinne.

Naturvernforbundet hjelper deg å spikre fuglekasser og Soppkontrollen viser fram og fortel om dei mange gode og rare soppane vi finn i skogen – også om dei farlege.

Ruskever er inga hindring. Fleire av aktivitetane er innomhus, men kle deg godt  så kan du vere ute i det fine tunet også!

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

08.10.2025

Tid

12.00 - 15.00

Sted

Sunnmøre museum
Museumsvegen 12, 6015 Ålesund
Opening Hour
12.00-18.00 tirsdag-fredag. 12.00-16.00 lørdag-søndag.
Nettsted
https://www.vitimusea.no/musea/sunnmoere-museum?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender

Arrangør

Viti
Telefon
70239000
E-post
post@vitimusea.no
Nettsted
Viti
Arrangementslenke
QR-kode