Haramskonferansen 2026
Temaet «VEKSTKRAFT», viser til verdensbiletet og kapasiteten til å utvikle seg og kva dette betyr for ein liten, open økonomi som Norge. Kva skjer innan geopolitikk, sikkerheit og beredskap og korleis påverkar dette næringslivet vårt? Vi opplever knappheit på ressursar, kraftmangel og klimakrise. Vi treng arbeidskraft; både høgt utdanna og yrkesarbeidarar. Vi må jobbe for å motvirke utanforskap, rekruttere breidt og integrere godt. Korleis tek vi tak i dette frå lokalt hald? Vekstkraft og endringar kan også opne nye dører. Kva moglegheitsrom står næringslivet vårt overfor?
Haramskonferansen blir arrangert for trettande gong, og er ein sentral møteplass på Sunnmøre for både næringsliv, utdanningssektor, og det offentlege.