Vinterferiedag med smak av arbeid!
Lag og smak ferske fiskekaker i Dybhuset, høyr om eventyrlege hendingar frå fiske i sjøbua frå Larsnes, eller hjelp båtbyggaren å lage klinkbåt i båtstøa. På gardsplassen sagar du strongar og høgg ved saman med oss. Og om kulda bit litt i fingrane kan du varme deg ved bålet på Steinalderholmen.
Inne i museet testar du ut den nye rebusen der du skal klare deg ein stormfull dag på Sunnmøre. Februar er også karnevalstid – hos oss blir du feiande flott med ansiktsmåling! Og, sidan det snart er faste, lag fargerike fastelavnsris!
I museumskafeen får du kjøpt både søte fastelavnsbollar, nysteikte sveler og mykje anna godt.
Vi gler oss til å møte deg!
- Billett: https://booking.duell.no/stiftinga-viti/standard/event/vinterferiedag-med-smak-av-arbeid-?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
-
Pris:
Vaksen kr 120
Barn (3-18 år) kr 30
Ledsagerbevis gratis