Til toppen

Teatret Vårt: Husjomfru

Siste roman i Edvard Hoems slektskrønike, no som teater
I 1911 døyr Julie Elisabeth Hoem på gamleheimen på Nordnes. I protokollen står det: Ingen Slegtninger. Intet Efterlatt. Likevel rommar livet hennar ei heil verd.
Basert på Edvard Hoems roman Husjomfru blir historia om felemakar Lars Olsen Hoems yngste dotter løfta fram. Julie Elisabeth var ei stolt og urokkande kvinne som levde midt i skiftet mellom gamle og nye tider, før velferdssamfunnet tok form, og då eit kvinneliv lett kunne forsvinne i stilla.
Etter ungdomsår i Kristiansund arbeidde Julie Elisabeth det meste av livet som husjomfru hos velståande familiar i Bergen. Ho sat ved herskapets bord – men høyrde ho eigentleg til der? Framsyninga skildrar korleis små val, draumar om kjærleik og lengta etter tilhøyrsle kan forme eit heilt liv.
Teatret Vårt har tidlegare løfta Edvard Hoems slektshistorie fram på scena med Slåttekar i himmelen og Jordmor på jorda. Husjomfru er ei varm og sår forteljing om ei kvinne som lenge har stått i skuggen av historia, men som av Hoem har fått sin stemme og sin plass i lyset.
Anne Wiig ber heile livsreisa aleine på scena – frå svaberga i Kritiansund, til det stille rommet der livet går mot slutten i Bergen. Ei sterk, levande og nært fortald teateroppleving der éi stemme rommar eit heilt liv.
Velkommen til ei varm, sår og høgst levande forestilling om å bli sett, og om å bli hugsa.
  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

26.03.2026

Tid

19.00 - 20.15

Sted

Arbeideren kulturhus
Lorkenesgata 2, 6002 Ålesund
Opening Hour
09.00-15.00 mandag-fredag. 11.00-15.00 lørdag.
Nettsted
https://parkenkulturhus.no/for-arrangorar/arbeideren-kulturhus.29925.aspx?utm_source=bypatrioten&utm_medium=kalender
Kategori

Arrangør

Teatret Vårt
Telefon
71240280
E-post
post@teatretvart.no
Nettsted
Teatret Vårt

Andre Arrangører

Arbeideren kulturhus
Telefon
70162468
E-post
parkenkulturhus@alesund.kommune.no
Nettsted
Arbeideren Kulturhus
Facebookarrangement
QR-kode